Nytt frå Strandbuen
- Tau-skiltet er fortsatt borte – dette sier veivesenet
- SSB: Nå er menn 40 år i snitt når de gifter seg
- – Alle spør hvor de unge er, men ingen snakker om hvordan man når dem
- Gjennom denne fisken får vi i oss mest miljøgifter: – Dette er mitt viktigste råd
- – Hvor blir det av folk på min alder i de lokale debattene?
Siste nytt
Skiftun på TV2 "Magisk og enestående"
"Magisk og enestående sted".....det var den franske superkokkens svar til TV2 då han fortalde at det franske kokkekamp-programmet TopChef for første gong filma utanfor Frankrike, og valget falt på Norge og på Skiftun !! Lørdag 6 april hadde TV2 innslag i Lørdagmagasinet om den topphemmelege filminga som pågjekk på Skiftun kai i november 2012. På TV2 sitt innslag fekk me møte dei lokale heltane Jostein og Kåre som rigga det heile i stand for filmteamet, me fekk sjå barna frå Jøsneset skule og me fekk sjå ordførar Trine som dommar i kokkekampen - alt vevd saman med dei franske TVteamet og superkjendisane
Godt besøk på turpostane
Me har fått melding om at turpostane i låglandet har hatt godt besøk i Påsken: Dette er ca-tal: 110 på Håvehammar, 85 på Nesdalsfjellet og 70 på Bryna. Påskeværet var jo som skapt for turgåing i låglandet, for i høgheia låg snøen hard og isete. Send oss gjerne fleire tur-rapportar og ev tur-foto
Hittegods frå påskefesten
Nokon gløymde igjen ei svart, lita veske etter påskefesten. Det er ingen lommebok eller anna i den som kan identifiser eigaren. Dersom nokon saknar veska, kan de ta kontakt med Lise Tjeltveit, 97531845
Filmrolle i Haugesund
Alle la merke til at det var ein del ukjende folk på påskerevyen, men det ingen visste var at det var filmfolk frå Haugesund på plass. Dei likte så godt Frode Tjeltveit si tolking av Odin Stavneland i Vamp at han blei hanka inn til audition i Haugesund, der de skal lage film om Vamp! Det var spesielt hans dialektolkning og hans innleving rundt "Liten Fuggel" som gjorde dei interessert i Frode. Les meir om dette HER
Vellykka påskerevy og fest
Så var dei tilbake igjen, den lokale revygjengen Lise Tjeltveit, Lene Hjorteland, Maria Brandal og Sven Westersjø - og med seg i år år hadde dei to nye (hemmeleghaldne) lokale stjerneskot: Solveig Bog Bouzane og Frode Tjeltveit. Saman snekra dei sju til påskerevyen "Fugladansen" - med ablegøyer på scenen og på videofilm - og trakk "to fulle hus", dvs ca 160 stk fekk med seg dette på Påskeafta på Jøsneset. Her er det verdensberømte (!) koret KorNøye tilbake på scenen med ein av sine slagerar Månemannen!
Vårteikn i bygda
Solveig Bog Bouzane bada på 1.april - og det er INGEN APRILSNARR !! Men tvert i mot eit vårteikn, må me vel seie...brrrr...i Nesvik har de visst gått bananas med den badinga Sprekt i kulden !
Jubilant på Krogane
Vår kjære moster Karina fyller 85 år i dag 30.mars. Hilsen små og store i Krogane.
Det kom inn ei helsing til "redaksjonen" frå Margaret Buene i Krogane, til si moster, som var inne på www.jøsneset.no for første gong i går Dei syns det hadde vore stas om ho fekk sjå ei helsing til seg sjølv inne på nettsida til Jøsneset, nå når dei er på påskeferie her.
Så her kjem bilete og helsinga vidarebrakt på nettsida Gratulera med dagen! Og det er alltid kjekt med nye brukerar av nettsida