Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Vinnarar av 3-nutstur og Hardhausen 2013
Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho på partiet mellom Valafjellet og Røssenibben, med utsikt rett ned i Bastlid og over mot Randøy.
Og her har me "Hardhausen 2013", Espen Meling frå Stavanger. Han gjekk 6 min raskare enn oppsett idealtid på 5 t 50min, og var dermed nærast. Espen har hytte på Nesvik, men har kun vore på Gunlanuten før ein gong, for sikkert 30 år sidan. Også han var førstegongsdeltakar på dette arrangementet, og hadde aldri før vore på dei andre tre toppane ein må oppom for å bli Hardhaus. Her er han avbilda på posten på Norda Høgaste på Herefjellet. Espen har tydeleg ikkje tatt skrekken av denne naturopplevinga, for han fortel at han håpar å delta òg til neste år.
Me gratulerar begge med seieren og ønskjer begge velkomne igjen !!
Saknar du ein skritt-tellar?
Det er funne ein skritt-tellar i turpostkassen på Brynå. Kanskje den er din?
Ta kontakt på 950 50 427
Ny draumedag frå topp til topp
Slik ser tre ekte "Hardhausar" ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste "Hardhaus", og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år "Hardhausar" for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet.
Det må vere noko magisk over "Hardhausen og 3-nutsturen", for været har ein tendens til å vise seg virkeleg frå godsida akkurat denne dagen: slik gjekk det òg i år: sol og deilig sommarvarme ! 68 lettkledde, smilande, spreke, trivslege deltakarar i aldersgruppa 6 - 78 år deltok i år. I år var det så mange som 37 av deltakarane som blei "Hardhausar" (dvs gjekk alle 4 toppane). Så mange som 27 av vandrarane deltok for første gong, og 15 av deltakarane har deltatt alle gongene dette har vore arrangert: dvs 5 gonger!
Vinnar 3-nuts-tur: Monica Østerhus, Jøsenfjorden, tida 4 t 51 min (idealtid 4,53)
Vinnar Hardhaus: Espen Meling: nærast idealtida på 5 t 50 min.
(det har ikkje lykkast redaksjonen å få ta i foto av vinnarane; send gjerne inn!)
Feiande flott 17.mai på Jøsneset
Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester.
Hald bygda sneglefri !!
Den harde barfrostvinteren og fjorårets felles Nemaslug-aksjon mot brunsneglar viser tydelege resultat: brunsneglane er ikkje over oss i så store mengdar som i fjor. I fjor på denne tida hang brunsneglane som apekattar i toppen på påskeliljene. I år ser me dei ikkje i slike mengdar, MEN vær obs: dei er på frammarsj nå når temperaturane stig. Nettopp NÅ har me eit ypperleg utgangspunkt for å bekjempe nok ein invasjon !! Å halde bygda sneglefri er eit felles ansvar Sjå tips nedanfor:
Flott kunstutstilling på skulen
Elevane i storskulen på Jøsneset skule inviterte til open kunstutstilling 8.mai, og her var det jammen stor variasjon i stilartar og mykje flott kunst å sjå.
Kjøp avis !!
I år lagar vi Jøsnesposten for 30. gang. Den er klar før 17. mai, storskule elevane kjem på dørene på Jøsneset og Jøsenfjorden og selg den. I salg og på Mixen.
Publisert av elevane i storskulen