Nytt frå Strandbuen
- Tau-skiltet er fortsatt borte – dette sier veivesenet
- SSB: Nå er menn 40 år i snitt når de gifter seg
- – Alle spør hvor de unge er, men ingen snakker om hvordan man når dem
- Gjennom denne fisken får vi i oss mest miljøgifter: – Dette er mitt viktigste råd
- – Hvor blir det av folk på min alder i de lokale debattene?
Siste nytt
www.josneset i ny design
www.josneset framstår nå i litt ny drakt - ein lys og lett vårdrakt, kan me kanskje kalle det. Me har nå fått ein såkalla responsiv design ! Dette betyr at sida vår nå er meir tilpassa smarttelefonar, nettbrett oa. Denne tilpassinga er viktig fordi stadig aukande besøkstal til nettstader kjem frå slike innretningar - og dette berre aukar. Då er det kjekt at sida vår funker bra til slik bruk òg.
Kongens fortjenestemedalje til Skiftun
Rundt nyttårstider blei den utflytta Jøsnesbuen og soknepresten i Kvinesdal Leif Gunnar Skiftun heidra av sjølvaste HM Kong Harald - for då fekk han utdelt
.Heimbygda Jøsneset gratulerar Skiftun med heider og medalje !
Og ein liten historisk kuriositet; så vidt me veit er det kun ein Jøsnesbu tidlegare som har fått kongens fortjenstemedalje i sølv, og det var faktisk nabo og også Skiftudal-kar, det skjedde i 1965, og prisen gjekk til..........ja, det finn du ut nedanfor.
Set av Påskeafta....
....det ryktast at det er både Påskerevy og Påskedans er på gang !! Josè prøvde å rigge plass i timelista si, men det gjekk desverre ikkje å få han i år.- så Ungdomslaget etterlyser ein som kan dra i gong nokre låtar på gitaren utpå kvelden - hadde vore kjekt med nokre kjende schlagers som folk kan synga til MEN: revy-Damene i byn rører på scene-genene sine.....så dette blir spanande...hukk av datoen, og følg med for meir info.
Trofèfiskekveld
Likar du å hale svære fiskebeist opp av fjorden? Eller kanskje du likar å høyre om andre som gjer det? Då er Fjordahuset i Jøsenfjorden staden for deg nå på fredag kl 19.30. Plakaten finn du HER. Då blir det spanande fiskehistorier og idèmyldring om korleis fjorden kan nyttast innan turisme og sportsfiske ---eller andre ting. Møt "trofè-fiskar" Øystein Davidsen og Hjelmeland Vekst. Treng du inspirasjon? Les om då Helge Hjorteland og Jone Laugland fiska eit beist av ein breiflabb, sjå her på JONEBLOGGEN. Har du....
Send oss dine vinterferiebilder
Send oss gjene bilder frå DIN vinterferie: anten det er frå sjøen, heia, hagen, bygda, inne eller ute. Sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Les om Arthur i Aftenbladet
Les om den spreke og stadig like samfunnsengasjerte Arthur (93) i laurdagens utgåve av Stavanger Aftenblad HER, eller i lørdagens papirutgåve.
Arthur følgjer med på den pågåande debatten om pelsdyroppdrett, og har meiningar stikk i strid med eige parti. Arthur er jo som kjend framleis vararepresentant i kommunestyret for Ap, og har elles eit anna framtidsretta mål i livet: å bli ein av dei første som kjører Ryfast !
Volleyball i vinterferien
Volleyballen dabbar og fyk over nettkanten kvar onsdag, med godt frammøte og god stemning blandt ungdom og littebittelitt vaksnare folkkvinner og menn i skjønn forening
Me held ballen i lufta òg i vinterferieveka: så møt opp alle som vil: alle ferierande vinterferiefolk td er òg hjarteleg velkomne!! Altså: Gymsalen Jøsneset onsdag kl 20.00