Me er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt lokale helselag på Jøsneset.

Styret 2022:
Berit T. Skiftun – leiar
Cesilie Waaland – nestleiar
Ellen Mari Fosså – kasserar
Marit T. S. Wyller – sekretær
Svanhild H. Gbada – turpostansvarleg

Oddbjørn Fossaa – varamedlem
Rikard Bjarne Jensen – revisor

Aktivitetar lokalt på Jøsneset :

SENIORTREFF
Treff for seniorar anten på Trivselstova eller som tur ut i lokalmiljøet - gjerne kombinert med eit godt måltid i lag

TURPOSTAR
I turstiløypenettet på Jøsneset har Helselaget 10 turpostar du kan skrive namnet ditt i og vere med i trekning av premiar.

HARDHAUSEN
Eit turarrangement som skjer kvart år 1. pinsedag.  Turane går primært på dei fire høgaste toppane på Jøsnset, dvs Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og Norda Høgaste. Basen er gapahuken ved Fosstemmen der det er start/mål-gang og der det er fyr på grillen, kaffe/saft/frukt-servering, premiering og sosial møteplass .

STRIKKEKVELDAR
Uformell treff i Trivselstova med eller utan strikketøy - tid for prat og ein kaffekopp. Skjer nokre gonger kvar vår/haust, sjå aktivitetsplan under.

HJARTEMARSJ
Lokal aktivitet til støtte for forskning og forebygging på hjarte-og karsjukdommar
Skjer i mai under "hjarteveka" og er gjerne ein tur rundt "Nullen" kombinert med ein quiss og fruktutdeling.

DEMENSAKSJON
Årleg innsamslingsaksjon i regi Nasjonalforeningen, og skjer alltid i september.

Les meir om våre planlagde aktivitetar i : AKTIVITETSPLAN FOR 2022


Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er knytt til Najonalforeningen for folkehelsen.

"Nasjonalforeningen for folkehelsen er en frivillig, humanitær, organisasjon. Organisasjonen arbeider med folkehelse, forskning på hjerte- og karsykdommer og demens, og er interesseorganisasjon for personer med demens og deres pårørende. Vår innsats er basert på innsamlede midler og gaver".

Nasjonalforeningen for folkehelsen sine verdiar

Nasjonalforeningen for folkehelsen har fylkesstyrer i 15 områder.
Me ligg tilknytta avdeling Rogaland, med fylkesstyrekontor i Stavanger.
Her finn du oversikt over alle lokallag i Rogaland, inkludert oss på Jøsneset.

Her finn du den opne facebooksida til Nasjonalforeningen Jøsneset helselag

Me legg òg ut info på vår lokale facebookside for Jøsnesbygda

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

 

 

FaceBook
Facebook