På Jøsneset er det eit spreidd bumønster,  med frådelte bustadeigedommar innimellom gardsbruka i grendene.  Det er ingen byggefelt, og såleis ingen klart definerte byggetomter.

I kommuneplanen for Hjelmeland er det tilrettelagd for såkalla spreidd bustadbygging i LNF-områda.  Dei utheva grøne områda på kartet under er det moglegheit for ny bustadetablering på visse vilkår, sjå nedanfor.  Det er fleire grunneigedommar innanfor kvart av desse felta, og første avklaring skjer med aktuell grunneigar.  På kartportalen Kommunekart finn du meir detaljert kommuneplankart og eigedomsgrenser. 

Dersom du er interessert i å bygge og bu på Jøsneset, ta kontakt med Jøsneset Bygdaråd for meir info: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. ,
eller med rådgjevar arealplan i Hjelmeland kommune, Svanhild Hjorteland Gbada, 404 39 27, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. .

 

Utdrag frå kommuneplanens arealdel, vedtatt 2019 kap 4.1:Spreidd bustad i LNF :

Hjelmeland kommune har eit spreidd bumønster frå før og ønskjer å vidareføre det: dvs ein vil ha bustadutvikling spreidd i alle grender.
I desse områda unngår ein reguleringsplan og dispensasjonar – og bustadformål er i tråd med planen.

§ 28 Vilkår knytt til bustadbygging i LNF-områda for spreidd bustadbygging:

28-1 Bustader skal ikkje plasserast på fulldyrka mark, og ikkje nærare dyrka mark/landbruksveg enn 30 m.

28-2 Tilkomstvegar skal leggjast slik at det i minst mogleg grad:
1) kjem i konflikt med gardstun eller landbruksvegar
2) kjem på dyrka mark eller 3) fragmenterer landbruksområde

28-3 Bustader skal ikkje plasserast nærare landbruksbygg el anna næringsverksemd enn 50 meter.

28-4 Bustader skal plasserast minimum 30 m frå automatisk freda kulturminne. Søknader om nye bustader i LNF-SB-områder skal sendast på høyring til Rogaland Fylkeskommune, kulturseksjonen før vedtak blir fatta.

28-5 Bustader skal plasserast minimum 50 meter frå sjø og vassdrag, og minimum 20 meter frå høgspentlinjer.

28-6 Bustader skal fortrinnsvis knytast til eksisterande, godkjente avkjørsler, og skal ha godkjent vatn- og avløpsanlegg. Byggegrenser frå riksveg og fylkesvegar skal vere slik vist i ei til einkvar tid gjeldande «Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser på riks- og fylkesvegar i region vest» og 5 meter frå kommunal veg.

28-7 Der det skal byggjast ei gruppe på fleire enn 3 hus er det krav om godkjent detaljplan. Ei gruppe er bygg som er planlagd nærare kvarandre enn 200 m i rett linje.

28-8 Storleik bustader i desse områda:
totalt bebygd areal for bustaden maks 200 m2 , og totalt bruksareal maks 300 m2 . Garasje er tillete med bebygd areal inntil 50 m2 og bruksareal ikkje overstig 70 m2.

 

 

 

 

FaceBook
Facebook