Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Vellykka bulystprosjekt
Det 3-årige bulyst-prosjektet "Hjelmeland 24/7" ble denne veka avslutta med ei samling for frivillige lag på Hjelmeland Samfunnshus. Alle dei 5 ulike arbeidsgruppene - deriblandt Jøsneset - presenterte sine prosjekt. Utan tvil: mykje spennande er skapt ila desse tre åra. Men det gledelegaste er kanskje at mykje av det gode arbeidet fortset i ein eller annan form
ELDRETREFF Hausten 2014
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Eldretreffen har oppstart torsdag 18.09.14, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare.
Alle er velkomne!
Bilete frå fotokokurransen
Her er årets bidrag til fotokonkurransen.
Turlagstur til Herefjellet 14 sept
Info om turen finn du her på PLAKATEN. Arrangør: Hjelmeland Turlag.
Info òg hos Stavanger Turistforening og Turlaget si opne Facebookside.
Gladmelding om barnehagen
Det har den siste tida òg vore usikkerheit om framtida til Jøsneset barnehage; dette fordi det nå er kun 3 barn igjen i barnehagen frå september. Foreldregruppa og Bygdarådet har arbeidd for at barnehagen må bestå ut barnehageåret 2014-2015. Dette støtta Formannskapet, og dei vedtok òg at det skal vere to vaksne til stades i kjernetida då alle tre barna er i barnehagen.
Gladmelding om fiber
Det har vore litt att og fram om fibernettutbygginga på Jøsneset, men etter eit konstruktivt møte mellom Hjelmeland kommune og LYSE idag + ein iherdig innsats frå Bygdarådet, går det nå mest FRAM
Ordførar Trine Danielsen var med på arbeidsmøtet med LYSE og har deretter sendt ut følgjande pressemelding: