Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Fast kaffekos på Nauste
Det nærmar seg vinter og då er det koseleg med kaffekos inne! Cesilie på Nauste på Nesvik inviterar til sosialt treff kl 17.00 kvar laurdag med gratis kaffe/te/kakao. Dette er ein uformell møtestad for drøs og kortspel for folk i alle aldrar.
TV-aksjons-kafè
Til inntekt for TV-aksjonen "Vann forandrer alt" var det open kafè i Trivselstova i dag 19. oktober. Godt frammøte i alle aldersgrupper. Det kom inn kr 2410 til TV-aksjonen, som blei putta på bøssene, som tidlegare på dagen òg hadde vandra bygda rundt.
BADING LØRD kl 16.00
"VANN FORANDRER ALT" er tema for årets TV-aksjon - om enn i ein heilt anna dimensjon enn vår. Me her har det privilegium av å kunne glede oss over masse vann, reint vann, kaldt vann og vann til glede og nytte - i motsetnad til mange andre lands utfordringar. "Kogekjellås Badevenner" inviterar til nytt kulpebad i Kogekjellå på Foss lørdag 18 okt kl 16.00 - og sjølvsagt: eitt bad=100 kr - der overskotet sjølvsagt går til årets TV-aksjon
Innsamlings-Kafè
Klikk på plakaten så får du den større. Info om Kirkens Nødhjelp sin TV-Aksjon "Vann forandrer alt" finn du HER
Gå gruppa
Tysdag 14.oktober kl 19:00 startar me opp att med gå gruppa.
Oppmøte ved Brannstasjonen, så går me ein kjekk tur saman.
Vel møtt
Badesesongen er ikkje over
Måndag 13.oktober -startar familie og helsebadinga opp att i symjehallen på Hjelmeland.
Familiebading 17:30-18:30 - Barnehagealder
Helsebading 18:30-19:30 - Vaksne
20 kr born og 30 kr vaksne
JM 2014 Bordtennis
Her kjem eit samandrag frå turneringa