Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Ring funnet
Har nokon mista ein gullring?
Ein ring blei funne ved Norda Høgaste tidligare denne veka. Den låg like ved postkassen.
Gi beskjed dersom du saknar den – enten til oss i Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til Ole Geir Åsland (som fann ringen).
Hardhausen 1.pinsedag 2023
Det nærmar seg pinsehelg og Hardhausen med stormskritt. Følg med på værmelding! Ha med mat og klær etter forholda. Her finn du MEIR INFO OM HARDHAUSEN
Stenging av ballbingen
Ballbingen på Jøsneset vert stengd f.o.m. måndag 22. mai.
Det gamle utslitte graset skal fjernast. Underlag skal gjerast klar for nytt kunstgras utan gummigranulat. Dette skal etter planen leggjast i løpet av sommaren.
Ber om INGEN AKTIVITET i bingen i denne perioden. Takk!
Helsing
«Ballbingefedre» og Hjelmeland IL
Ønske om å leige båtplass
Jøsnes-sida har fått ein henvendelse fra nokon som ønsker å leige ein båtplass på Jøsneset i sommar. Ein stad mellom Nesvik og Knutsvik, for ein båt på 21 fot.
Dersom nokon har ein båtplass til låns kan dei ta kontakt med oss i redaksjonen (Silje, Svanhild eller Solveig, eller epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.).