Nytt frå Strandbuen
- Stillehavsøstersen finnes flere steder i Ryfylke – men søkelyset er på en annen uønsket art
- Kom seg unna da båten tok fyr
- Ommund gleder seg til en travel sommer: – Det er en veldig kjekk arbeidsplass
- Mattilsynet: – Ikke spis!
- Denne gikk for over 6 millioner kroner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendom
Siste nytt
Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon
Tirsdag 19. mars mellom kl 16.15 og 19.00 får du besøk av ein av årets konfirmantar. Dei har sagt seg villige til å gå rundt i bygda med bøssene til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon "Sammen forAndre". Ta godt imot bøssebærarane. Info om fasteaksjonen finn du HER
Framtida til Jøsneset skule?
Som kjendt er Hjelmeland kommune midt inne i eit stort omstillingsprosjekt, og det er vedteke at det skal gjerast store innsparingar i drift; melllom anna i oppvekstsektoren. Dette betyr at skulestruturen slik den er idag, med svært stor sannsynlegheit blir endra. Det er skissert 9 ulike alternativ, som nå skal utgreiast nærare. Dei 9 alternativa finn du under. I 5 av desse alternativa står Jøsneset skule for fall, medan barnehagen består i alle alternativ.
Spelemann til Påskefesten!
Denne musikaren er desverre fullbooka heile påsken.......MEN folkensdette går likevel mot ein lykkeleg slutt for Påskeaftens-svingomen.....for me har ei gledeleg nyheit! Les meir nedanfor:
PRESSEMELDING SKIFTUDAL OPEN 2013
Me har mottatt denne PRESSEMELDINGA FRÅ SKIFTUDAL OPEN.
Kun 3 veker igjen !
.......rykter ser ut til å ha nådd Stavanger by....send oss bilde om du skulle kome over "ryktet" andre stader òg !
Isen bryt - det vårast
Denne vinteren har det vore usedvanleg mykje is i fjorden; og ein populær aktivitet for nokre veker sidan var å gå på skeiser frå Hauga til Førrebotn på den tjukke isen inn fjorden. Det er fleire tiår sidan det har vore mogleg. Men nå slepp isen....og det vårast. Slik såg det ut i Nesvik båthamn laurdag 09 mars.
Og her ser me isflaket frå Jøsenfjorden på veg ut Gardsundet. Det vart god austavind utover laurdagen, så isen fekk "fart på seg" og etterkvart stykka den seg meir og meir opp. Elles ser me her den nye Bulyst-benken på Nesdalsfjellet! Ein vakker stad og ein god benk.....kanskje det blir "JA"-benken etterkvart
Foto: Ellen Mari Fosså
Komlekos
Me trur de gleda seg like mykje; både komlekokkane og komlegjestene. For den årlege felles middagen mellom skuleelevane (som lagar middagen) og eldretreffen (som er inviterte gjester) er eit svært populært og koseleg treffpunkt.
Ein gong i året består nemlig mat-og helse-oppgåva til storskuleelevane å lage og servere middag til eldretreffen. Og i år var det komle på menyen - og pannacotta til dessert !