Nytt frå Strandbuen
- Uventa stort asbestfunn gjer den nye ungdomsskulen langt dyrare enn planlagt
- Sveinar satsar stort på jobben han trivst i – byggjer nytt og doblar produksjonen
- Kåte lakser, monstertrapp og vikingslag – dette skjedde i 1994
- Mange møtte opp på torget – fekk høyra fleire klare ord mot datasenter
- Jorunn aksjonerte mot Ryfast-bompengar: – Eg kjempar for dei svake
Siste nytt
Kjekk seniortur til Jørpeland
Onsdag 29. mai var denne fornøyde seniorgjengen på tur til Jørpeland. Bussjåfør Sven henta rundt i bygda før ein tok 10 ferja frå Nesvik. Først ein liten stopp ved omsorgsenteret i Årdal for å sjå nytt flott drivhus som Helselaget har bidratt til midler frå Damstiftelsen til innredning. Så vidare til Jørpeland, og tur rundt den vakre Jørpelandsholmen. Lunsj i Villa Rosehagen. Flott turvær, godt lag og kjekk dag i regi Nasjonalforeningen for folkehelsen - Jøsneset Helselag
Sikre deg billige Smashing-billetter
Dersom du vil sikre deg billetter til årets Smashing Jøsneset til kun 400,- må du slå til i løpet av mai! Du kan kjøpa billetter her.
RETURN har laga ei lita videohelsning til publikum!
Rekordmange Hardhausar !
Hardhausen 2024 går inn i historia som ein jubeltur i eit strålande solskinn ! 99 deltakarar på arrangementet og heile 90 stk gjekk alle 4 nutane, og kan kalle seg HARDHAUSAR. Det var ingen som gjekk 3-nutstur i år, men altså desto fleire som tok den store utfordringa med ALLE nutane. 9 stk deltok på kortare distansar.
Bildet over er då Eirik 6 år og Nora 9 år Laugaland kom i mål: Eirik var dermed den desidert yngste Hardhausen ! Dette prøvde han for første gong i år, og det blei full klaff!! Ikkje mange på hans alder som har tatt denne styrkeprøven ila dei 16 åra Hardhausen nå har vore arrangert ! Godt då å ha følge med spreke storesøster Nora, som òg gjekk heile Hardhausen for første gong - Dei gjekk saman med mor Anne og far Terje på turen !
Det var òg rekordmange 1.års-deltakarar på arrangementet - Heile 35 stk - derav 32 av desse gjekk heile Hardhausen; dvs NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet. Veldig bra frammøte. Veldig bra vær. Veldig bra stemning. Veldig bra frå ende til aen. Og best av alt: Røde Kors kunne reise heim etter ein lang dag på vakt utan ein einaste skade eller uhell. Fantastisk ! Her er heile DELTAKARLISTA HARDHAUSEN 2024
Treningsrommet stengt
Treningsrommet og gymsalen er stengt fredag 10/5 og lørdag 11/5 på grunn av privat arrangement
Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
Lnett planlegg ein større koplingsjobb og arbeid på linjenettet på Jøsneset. Dette vil medføre straumstans så og seie heile dagen den 12. mai. Les heile infoskrivet frå Lnett under her: