Sommaren er såkalt agurk-tid, og det står "litt stille" òg her på vår nettside. Og det er slettes ikkje lett for oss få, frivillige i redaksjonen å følgje med på kva som skjer på Jøsneset....eller OM det skjer noko i det heile tatt. Difor, kjære lesar: TIPS OSS. Send oss di sommarhistorie, eit lite foto eller anna. Kanskje du har fått fin fiskefangst? Har du funne mykje blåbær og sopp? Har du hatt eit kjekt besøk? Sommarens beste bad? Gode grilltips? Nytt på sneglefronten? Gode turtips? eller avslappingstriks? .....Ja, temaene kan vere uendelege. Poenget er : TIPS OSS !! På den måten får me ei enda meir levande og variert nettside.
Send tips og foto til ungdomslaget@josneset , Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Nytt frå Strandbuen
- Ser du dette flagget, bør du være meget forsiktig
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn
- Nyter du finværet? Her kan du se og sende inn sommerbilder
- Kerstin hadde ingen erfaring med blomster, nå er hun i hagen flere timer hver dag