Vinnaren av fotokonkurransen "Min Jøsnessommar 2012" - er kåra: det blei LENE HJORTELAND med dette flotte stemningsbildet av Ombofjorden og Bandåsen hylla inn i fantastiske kveldsskyer. Juryen, som er styret i Ungdomslaget, grunngir seieren med at dette er eit stemningsfullt bilde med flotte fargespel. Premien er ein 30x40 forstørring av bildet i lerret !! Me gratulerar Lene med seieren !
Dermed går Lene Hjorteland av med seieren for andre gong i denne fotokonkurransen. Første gong vant ho med ei bilde av ein hoppande badegutt.
Me takkar alle for flotte sommarlege bidrag frå Jøsnesbygda!! Alle innsendte foto kan de sjå nedanfor:
Her kjem eit flott og koseleg sommarbilde frå Håvehammar, og fotografen er Tron Kjetil Frøland, ferierande på Foss.
Her kjem fire bidrag frå Frode Tjeltveit:
Dette fotoet må vere frå Fosstemmen, der Frode har fanga maurens evige ferd over brua
Rast ved steinbordet på veg til Fosstemmen.
Ein kjekk sau undervegs
Sommarstemning ved Fosstemmen - som var nokså nedtappa på dette tidspunkt i juli.
.....
Send inn dine sommarfoto frå Jøsneset du òg, så er du med i konkurransen om fine fotopremiar frå Jøsneset Ungdomslag. Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
"MED HJERTE FOR NESVIK"
Det var ein fin tittelpå dette sommarslige Nesvikfotoet, og me ser at dei ferierande jentene har eit stort, bankande hjarte for Nesvik . Foto: Edvard Vigesdal.
Den som har hatt nærkontakt med denne søte musa er Jannicke Nilsen, som òg har tatt dei to neste:
Denne dagen var nok gullgryta å finne på Nesvik:
Flott oversiktsbilde over Jøsneset, med Herefjellet til venstre og Gunlanuten, Valafjellet og Røssenibben til høgre i skyene. Bildet er tatt frå Ombo.
-------------------------------
Her kjem ei glad Jøsnes-jente i reila på Ryfylkedagane på Sand. Bildet er sendt inn av Jorunn Foss:
Send inn dine feriebilder frå Jøsnset så er du med i årets fotokonkurranse. Fine fotopremiar til beste "Min Jøsnes-sommar foto 2012"
Sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Her kjem tre bilder sendt inn av Edvard Vigesdal, ferierande i Nesvik.
---- ei tolmodig ku på Bøen gir melk til alle sine håpefulle
....ikkje akkurat sommartemperatur i badevatnet i år, nei
Endeleg ein dag med solglimt og badeliv !!
Send inn DINE sommarbilder til ungdomslaget sin fotokonkurranse. Fine fotopremiar til beste foto.
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
----------------------------------------
Og her følgjer tre flotte sommarbilder frå Lene Hjorteland. Bildene beviser at det er ikkje berre blå himmel og skinande sol som må til: skyer og flott lys skaper vel så flott stemning
Regnbuen peikar denne gongen mot Fosså og Foss....hmmm....er det der gullet ligg?
I Skiftuvika har fleire svanepar sett sitt preg på sommaren.....her er to av dei elegante fuglane i solglitrande sjø
Send inn DINE sommarbilder og bli med i Ungdomslaget sin fotokonkurranse. Fine fotopremiar til best bilde !
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
---------------
Her kjem fire koselege sommarbilder frå Jannicke Nilsen - ferierande på Fosså blandt kattar og blomster:
SEND INN DINE SOMMARBILDER TIL ÅRETS "MIN JØSNES-SOMMAR 2012" - FOTOKONKURRANSE.
Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og oppgi namn/adresse så er du med i konkurransen om ein fin fotopremie.
Husk at regn og skodd òg kan gi fine motiv