Torsdag 11 november innbyr skulen til BYGDAKVELD på Jøsneset Skule kl 18.30
Tema er "Barnelitteratur og forteljingar i ulik form"
Om me kjem til å sjå slike makalause triks som denne godjenta utfører, er vel heller usikkert.
Men skulebarna kjem garantert til å gi oss god underhaldning !!!
I skrivet frå skulen står det:
" Jøsneset og Jøsenfjorden skular har hatt felles temaveke og innbyr alle som har lyst til å komma på skulen torsdag den 11 november kl 18.30. Temaet har vore "Barnelitteratur og forteljingar i ulik form.
Det blir bl.a song, film og rollespel.
I tillegg har elevane ved Kulturskulen musikalske innslag.
Det blir matservering
Både små og store er velkomne. Inngangsbilett for dei som er ferdig med ungdomsskulen: kr 20.
Helsing elevar og læarar "
PS: det blir altså IKKJE volleyballtrening i gymsalen denne kvelden !