1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fleire personar var i aksjon i vindfulle nyttårshelga, og nå er alle turbøkene i låglandet bytta ! Då er det berre å setje igong å samle nye turbesøk på desse turpostane:  Nesdalsfjell, Fosstemmen, Håvehammar, Brynå, Tausanibbå og Høgafjell.   Turbøkene i høgheiå blir bytta når vær og føre tillet det.

Også i 2023 gjekk Nesdalsfjell av med seieren for mest populære turpost, med over 1200 besøkande.  Bravo !! 

Men bildet over her er frå Tausanibbå, som er ein flott tupost på 500 moh.  Hadde 204 beøkande i 2023.

Brynå hadde 540 vaksne og 52 barn på besøk i 2003. Foto Ellen Mari Fosså


Til Fosstemmen er det nå isete og glatt, så broddar på skoa er smart.  450 besøk ila 2023 ! Øyvind Oaland er desidert den ivrigaste besøkande her, med nærare 100 turar i 2023. Han henta inn 2023 boka i mørknå og tok dette bildet.

Høgafjell er òg ein finfin turpost i låglandet. Fortjener meir besøk enn 2023 då det var 206 stk her.   Turips for 2024 då kanskje ?


Vinterhimmel sett frå Skaret, løypa ned frå Tausanibbå mot Åsland. Første dagen i 2024.  

Takk til Jakob, Ellen Mari, Øyvind og Svanhild som bytta bøker og tok bilder.  


Her er link til TURKART JØSNESET  - God tur !

 

 

FaceBook
Facebook